Opning av Stiftinga Artica Svalbard

20. januar 2017

Presseskriv fra Stiftinga Artica Svalbard, 19. januar 2017.

Stiftinga Artica Svalbard vart oppretta av Kulturdepartementet, Stiftinga Fritt Ord og Kulturnæringsstiftelsen SpareBank 1 Nord-Norge, 8. november 2016.

Stiftinga Artica Svalbard er stolt av å kunngjere opninga si i Longyearbyen 30.–31. mars 2017. Saman med grunnleggjarane og samarbeidspartnarane vil Artica Svalbard introdusere Artist Residency-programmet sitt. Eit offentleg program vil òg verta lansert, med mål om å engasjere Svalbards lokalsamfunn så vel som nasjonale og internasjonale relevante gjester.

Den offisielle opninga av Artica Svalbard er ved H.M. Dronning Sonja saman med kulturminister Linda Hofstad Helleland, 30. mars klokka 18–20 i hovudbygningen til Artica i Longyearbyen. Etterpå vil grunnleggjarane av Artica Svalbard og samarbeidspartnarane kome med ei fråsegn. Opninga kulminerer i frukostsamtalar 31. mars klokka 10–12.

Kunsten skal vere tilstades der viktige spørsmål vert stilt, Svalbard er ein slik stad i vår tid.

Gjennom samtalar, seminar og eit Artist Residency-program skal Artica Svalbard fremje diskusjonar og kollektiv tenking i og omkring nordområda og om kva Arktis har å bety. Både naturen og ressursane som finst her, og den unike sosiale, kulturelle og politiske komposisjonen står i fokus. Sentralt er òg korleis dette står i samband med den globaliserte verda vi lever i i dag, med dei miljømessige og politiske endringane vi saman står overfor – både internasjonalt og i det sirkumpolare området. Artica Svalbard skal òg vere med å styrkje kunst og kultur på Svalbard ved å leggje til rette for at internasjonale kunstnarar og forfattarar innan alle sjangrar og retningar kan drive forsking og kritisk tenking gjennom den kunstnariske praksisen sin i dialog med lokalsamfunnet, forskarar og fagfolk frå ulike felt på Svalbard

Artica Svalbard sine samarbeidspartnarar er Norsk PEN, Nordnorsk Kunstmuseum, Stiftinga Queen Sonja Print Award og OCA – Office of Contemporary Art Norway. Alle desse vil vesentleg styrkje profilen til Artica Svalbard ved å få kunstnarar og forfattarar frå nettverka sine til å ta del i samtalar og seminar samt gjennomføre gjesteopphald på Svalbard i ein periode på tre til ni månader kvar, både i år og i åra som kjem.

Dei fyrste kunstnarane og forfattarane som er inviterte til å ta del i Artica Svalbard sitt Artist Residency-program for 2017/2018, vert offentleggjorde i mars.

Desse kunstnarane og forfattarane vil bidra til å forme kva Artica Svalbard er – og vil bli – gjennom arbeidet og den kunstnariske forskinga som blir utført under opphaldet deira på Svalbard. Undersøkingane og tenkinga deira vil inspirere til å vidareføre arbeidet med eit offentleg program der ein gjennom samtalar og seminar inviterer til ei breiare kritisk og filosofisk utveksling av idear, forsking og uttrykk over det sirkumpolare området og internasjonalt.

Spørsmål kan rettast til Audhild Dahlstrøm på e-post audhild@articasvalbard.no eller tlf. 907 98 610.

Stiftinga Artica Svalbard er realisert med støtte frå Kulturdepartementet, Stiftinga Fritt Ord, Kulturnæringsstiftelsen SpareBank 1 Nord-Norge og Sparebankstiftelsen DNB.

Om samarbeidspartnarane

Nordnorsk Kunstmuseum er det nordlegaste kunstmuseet i landet og vart etablert som ei stifting i 1985. Museet legg spesiell vekt på å samle, dokumentere og synleggjere kunst og kunsthandverk med tilknyting til Nord-Noreg frå 1800-talet og fram til i dag. Samlinga består p.t. av nesten 2000 verk i forskjellige medium, mellom anna måleri, skulptur, grafikk, fotografi, video, tekstil og kunsthandverk. Eit utval frå den faste samlinga blir vist i heile andre etasje. Dei utstilte verka, av kunstnarar som Peder Balke, Adelsteen Normann, Iver Jåks, Anna-Eva Bergman, Olav Christopher Jenssen og David Hockney, spenner frå romantikken til modernismen. Nordnorsk Kunstmuseum viser òg skiftande utstillingar med varierande tematikk.

Norsk PEN er den norske avdelinga av PEN International, verdas største skribent- og ytringsfridomsorganisasjon, stifta i 1922. Norsk PEN konsentrerer si verksemd på ytringsfridomsarbeid. Norsk PEN arbeider for å bidra til auka allmenn medvit om verdien av fri debatt og ytringskultur, nasjonalt og internasjonalt. Organisasjonen hjelper skribentar, journalistar og forleggjarar i land der ytrings- og informasjonsfridom er under press, der kollegaer vert trakasserte, forfulgte, overvåka og fengsla fordi dei nyttar retten til å seie si meining. Norsk PEN administrerer den norske delen av den internasjonale fribyordninga for forfulgte forfattarar, ordninga vert drive av av ICORN (International Cities of Refuge Network). I dag er det 14 norske fribyar, meir enn 60 forfulgte forfattarar har kome til landet som fribyforfattarar sidan1995.

Office for Contemporary Art Norway (OCA) er ei ikkje-kommersiell stifting oppretta av Kulturdepartementet og Utanriksdepartementet hausten 2001 med hovudformål å leggje til rette for og stimulere til utveksling mellom norske og internasjonale kunstinstitusjonar og profesjonelle aktørar innanfor kunstfeltet. Sidan opprettinga har OCA vore ansvarleg for eit program med utstillingar, konferansar, førelesingar og seminar både i Noreg og i utlandet. Stiftinga har òg støtta aktiviteten til norske kunstnarar på den internasjonale kunstarenaen. Sidan 2001 har OCA hatt ansvar for Noregs bidrag i delen for visuell kunst ved Veneziabiennalen.

Queen Sonja Print Award (QSPA) vart etablert av H.M. Dronning Sonja og dei anerkjende kunstnarane Kjell Nupen og Ørnulf Opdahl, saman med mestertrykkar Ole Larsen (Helsingborg, Sverige), i 2011. Stiftinga har til formål å generere interesse for og fremje samtidsgrafikk, soerskilt mellom lovande kunstnarar. QSPA ynskjer å heve grafikk som kunstform og inspirere ambisiøse kunstnarar til å etablere seg på den internasjonale
kunstscenen. QSPA deler annakvart år ut det som er per i dag er verdas største internasjonale grafikkpris til ein talentfull kunstnar. I tillegg til denne prisen vert Kjell Nupen Memorial Grant delt ut til ein ung og begava grafikar frå eit nordisk land; ein kunstnar som framleis er i utdanning, eller nettopp ferdig med kunstutdanninga si. Stiftinga Queen Sonja Print Award samarbeider med prominente internasjonale museum, kunstnarar, kuratorar og mestertrykkjarar for å stimulere og støtte opp om dette viktige kunstfeltet.