Langtidsprosjekter – Bibliotek

Nynorsk litteratur

Tilskot til litteraturformidling i folkebiblioteka, 2012–13

For å styrkje det språklege mangfaldet og biblioteka som formidlingsarena lyser Fritt Ord ut tilskot på kr 50 000 til aktivitetar i norske bibliotek. Norske folkebibliotek eller foreningar og enkeltpersonar som samarbeider med bibliotek kan stå som søkjarar. Søkjarane avgjer sjølve tematikk og type tiltak. Det kan til dømes dreie seg om seminar, forfattarbesøk, debattmøte, foredrag eller skuleprosjekt. 

Fritt Ord ynskjer med utlysinga å stimulere til formidling av nynorsk skjønn- og faglitteratur og vekkje interesse for lesing og fremje lokalt ordskifte. Prosjektet fell saman med 200-årsjubileet for Ivar Aasen sin fødsel i 2013.

Søknadsfrist 20. juni 2012.

Søkjarar vert oppmoda til å utforme ei prosjektskisse som gjer greie for tematikk, tidshorisont og involverte krefter. Budsjett og finansieringsplan må leggjast ved. Tilskot kan innvilgast til enkelttiltak eller til ein serie med arrangement. Tiltaka bør gjennomførast i 2012 og/eller 2013.

Søknadslevering på nett.

Innsendinga bør merkjast med ”Bibliotekutlysing 2012–13” i tittelfeltet.

Innkomne søknader vert handsama tidleg i juli.

Vedlegg kan sendast per post til:
Fritt Ord
Uranienborgveien 2
0258 Oslo

Kontakt: Oskar Kvasnes, Fritt Ord, 
tlf. 23 01 46 44 og e-post: oskar.kvasnes@fritt-ord.no