24.04.2017

Fritt Ords Pris 2017 til avisa Dag og Tid

Foto: Per Anders Todal. Redaktør Svein Gjerdåker + faksimile av avisa Dag og Tid
PRESSEMELDING 24.4.2017
 
Stiftinga Fritt Ords Pris 2017 blir tildelt avisa Dag og Tid for å skapa grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster.
 
Dag og Tid er den einaste riksdekkjande nynorskavisa, og den er eit sjeldsynt innslag i det norske medielandskapet. Snarare enn å følgja trendane utgjer avisa ein annleis offentlegdom. Den tek ofte opp motstraums tema i journalistikken sin og undersøkjer andre saker enn mange andre medium. Vekeavisa følgjer nøye med i norsk matpolitikk og utviklinga av primærnæringane, og er oppteken av verdiskapinga som skjer over heile landet. Dag og Tid driv også skarp og konkret mediekritikk, og er grundig i analysane av den offentlege økonomien. Avisa legg vekt på kritikk og meldingar av kunst og kultur, men òg av arkitektur og by- og bygdemiljø. Dessutan byr avisa på noko så sjeldan i norsk presse som humor.

Dag og Tid gjev lesarane mykje interessant stoff om internasjonale tilhøve. Når det gjeld vårt eige land er avisa oppteken av Distrikts-Noreg, og prioriteringa av landet utanfor Oslo pregar utvalet av dei som blir intervjua og sjølve skriv i avisa. Det er høgt under taket både for tilsette journalistar og debattantar utanfrå. Avisa er politisk sjølvstendig, med ein klår motstraums og målpolitisk profil.
 
- Journalistikk er eit svært viktig felt for Stiftinga Fritt Ord. Når vi no tildeler Fritt Ords Pris 2017 til Dag og Tid, er det ein heider til ei uvanleg sjølvstendig avis der vi finn overraskande og lærerikt stoff kvar veke, seier styreleiar i Fritt Ord, Grete Brochmann.
 
Dag og Tid
Avisa Dag og Tid har kome ut sidan 1962, blir redigert på nynorsk og legg særleg stor vekt på stoff om kultur og politikk. Den første redaktøren var Arthur Klæbo. Sidan 2001 har Svein Gjerdåker vore ansvarleg redaktør. Opplaget er nær dobla i same perioden, i 2016 var netto opplagstal på 11 211 eksemplar. Vekeavisa har kring 40 000 lesarar. Dag og Tid er eigd av om lag 1000 aksjonærar.
 
Fritt Ords Pris
Fritt Ords Pris er høgste utmerkinga til stiftinga. Den årlege prisen er på 400 000 kroner. Med prisen følgjer Fritt Ord-statuetten, laga av Nils Aas. Prisutdelinga finn stad måndag 8. mai 2017 i Den Norske Opera & Ballett i Oslo. Tidlegare prisvinnarar finn du her: www.frittord.no/priser/fritt-ords-pris

Kontakt:
Svein Gjerdåker, mobil: 916 02 741
Grete Brochmann, mobil 992 78 730 
 

Fritt Ord-konkurransen og Holbergprisen i skolen inviterer til lærerseminar fredag 1. desember, kl 9:00 – 14:30 på Litteraturhuset i Bergen.

Konkurransen Min familie i historien arrangeres av Den norske historiske forening med støtte fra Fritt Ord, og er åpen for elever i ungdomsskolen og videregående skole. I denne konkurransen er det hverdagsmenneskene som er hovedpersonene, og elevene oppfordres til å se på temaer som demokrati, krig og konflikt, endrede levevilkår og migrasjon.

Stiftelsen Fritt Ord bevilger inntil 25 millioner kroner årlig i fire år til journalistikkprosjekter. Satsingen på totalt 100 millioner utgjør nær en dobling av Fritt Ords bevilgninger til journalistikk. Alle frie, redaktørstyrte publikasjoner med norske mediebrukere som målgruppe kan søke.

Neste søknadsfrist er fredag 12. januar 2018 kl. 15.