Fritt Ords Pris 2017 til avisa Dag og Tid

24. april 2017

PRESSEMELDING 24.4.2017

Stiftinga Fritt Ords Pris 2017 blir tildelt avisa Dag og Tid for å skapa grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster.

Dag og Tid er den einaste riksdekkjande nynorskavisa, og den er eit sjeldsynt innslag i det norske medielandskapet. Snarare enn å følgja trendane utgjer avisa ein annleis offentlegdom. Den tek ofte opp motstraums tema i journalistikken sin og undersøkjer andre saker enn mange andre medium. Vekeavisa følgjer nøye med i norsk matpolitikk og utviklinga av primærnæringane, og er oppteken av verdiskapinga som skjer over heile landet. Dag og Tid driv også skarp og konkret mediekritikk, og er grundig i analysane av den offentlege økonomien. Avisa legg vekt på kritikk og meldingar av kunst og kultur, men òg av arkitektur og by- og bygdemiljø. Dessutan byr avisa på noko så sjeldan i norsk presse som humor.

Dag og Tid gjev lesarane mykje interessant stoff om internasjonale tilhøve. Når det gjeld vårt eige land er avisa oppteken av Distrikts-Noreg, og prioriteringa av landet utanfor Oslo pregar utvalet av dei som blir intervjua og sjølve skriv i avisa. Det er høgt under taket både for tilsette journalistar og debattantar utanfrå. Avisa er politisk sjølvstendig, med ein klår motstraums og målpolitisk profil.

- Journalistikk er eit svært viktig felt for Stiftinga Fritt Ord. Når vi no tildeler Fritt Ords Pris 2017 til Dag og Tid, er det ein heider til ei uvanleg sjølvstendig avis der vi finn overraskande og lærerikt stoff kvar veke, seier styreleiar i Fritt Ord, Grete Brochmann.

Dag og Tid
Avisa Dag og Tid har kome ut sidan 1962, blir redigert på nynorsk og legg særleg stor vekt på stoff om kultur og politikk. Den første redaktøren var Arthur Klæbo. Sidan 2001 har Svein Gjerdåker vore ansvarleg redaktør. Opplaget er nær dobla i same perioden, i 2016 var netto opplagstal på 11 211 eksemplar. Vekeavisa har kring 40 000 lesarar. Dag og Tid er eigd av om lag 1000 aksjonærar.

Fritt Ords Pris
Fritt Ords Pris er høgste utmerkinga til stiftinga. Den årlege prisen er på 400 000 kroner. Med prisen følgjer Fritt Ord-statuetten, laga av Nils Aas. Prisutdelinga finn stad måndag 8. mai 2017 i Den Norske Opera & Ballett i Oslo. Tidlegare prisvinnarar finn du her: www.frittord.no/priser/fritt-ords-pris

Kontakt:
Svein Gjerdåker, mobil: 916 02 741
Grete Brochmann, mobil 992 78 730

Nyheter

Skjermbilde 2024 04 10 kl. 19.43.57

Call for nominations: Free Media Awards 2024

2. mai 2024

In collaboration with the ZEIT STIFTUNG BUCERIUS of Hamburg, the Fritt Ord Foundation has allocated the Free Media Awards annually since 2004 to Eastern European journalists and media that defy every obstacle to tirelessly ensure independent press coverage. Russia’s war against Ukraine and the subsequent wave of disinformation clearly demonstrates the need for independent reporting in the region. Journalists and media in Armenia, Azerbaijan, Belarus, Georgia, Russia, Ukraine and Hungary that promote freedom of the press through their investigative and independent reporting are eligible to be nominated for the Free Media Awards.

Biblioteksutlysningen

Utlysning til folkebibliotek – FORTALT FORTID

2. mai 2024

Fritt Ord lyser ut tilskudd à kr 60 000 til formidling av historie med utgangspunkt i norsk skjønnlitteratur, sakprosa og tegneserier.

Ntb haencnk3weu

Utlysning til skolebibliotek: Tett på kildene

2. mai 2024

Fritt Ord lyser ut midler til skolebibliotek ved videregående skoler. Skolebiblioteket kan søke kroner 50 000 i økonomisk støtte til et eller flere pedagogiske opplegg. Planen er å støtte inntil 50 skoler. Søknadsfrist er 3. mai 2024 og tilskuddet går til prosjekter som gjennomføres i skoleåret 2024/2025.

Arkitekt 2024   15

Hvorfor snakker ikke arkitekter?

29. april 2024

Arkitektforbundet og Stiftelsen Fritt Ord inviterer til debattseminar 29. april 2024.

Debattene om arkitektur, byutvikling og stedsutvikling engasjerer stadig flere. Men hvor er arkitektene?