Arrangementer

20.09.2018

Teikneseriar mellom det politiske og det personlege

Fritt Ord-konkurransen for vidaregåande skule lanserer årets tema, «teikninga som ytring», med eit arrangement på Kapittel-festivalen i Stavanger, torsdag 20. september kl. 18.

Møt tre teikneserieskaparar som på ulike vis bruker personlege røynsler til å fremja politiske bodskap. Ellen Ekman, Ali Dorani og Khalid Albaih får sju minutter kvar til å snakka om korleis dei jobbar som teikneserieskaparar, og kva bodskap dei vil fremja.

Til slutt leiar teikneseriekritikar og journalist Erle Marie Sørheim ein samtale om grensa mellom det personlege og det politiske i teikneseriane.
 
Ellen Ekman vil vera kjend for mange for teikneserien «Lille Berlin». Den har fått ei rekkje prisar for skildringa si av hipstarar i storbyen.
 
Ali Dorani er iransk illustratør og teikneserieskapar og fribyforfattar i Stavanger. Han byrja å teikna då han sat i den sterkt kritiserte australske flyktningeleiren på Manus Island.
 
Khalid Albaih bruker teikningar som politiske ytringar. Han er best kjend for karikaturar om den politiske og religiøse samtida i midtausten. Albaih er sudanesisk statsborgar fødd i Romania og oppvaksen i Qatar.
 
Lenke til Facebook-arrangementet.

Arrangementet blir presentert av kapittel i samarbeid med Fritt Ord-konkurransen og Foreningen !Les

Les mer om Fritt Ord-konkurransen her og på nettsiden www.frittordkonkurransen.no.


OsloMet og Fritt Ord inviterer til debatt om digitaliseringens betydning for journalistikken, onsdag 6. november kl. 18.00–20.00 hos Fritt Ord i Uranienborgveien 2, Oslo.

Velkommen til panelsamtale mellom norske og internasjonale eksperter: Guy Berger, Neena Kapur, Leandro Demori og Osman Kibar.

Hva med å tyvstarte på fagfornyelsens tverrfaglige emne «Demokrati og medborgerskap»? Fritt Ord og Landslaget for norskundervisning inviterer til faglig seminar om KRISE, ytring og skrivelyst, fredag 1. november kl. 09.00-15.00, i Fritt Ords lokaler i Oslo.

Fritt Ords prosjekt «Islam i Norge» inviterer til åpent møte om muslimhat og muslimfiendtlighet onsdag 9. oktober 2019, kl. 18.00–19.30 på Kulturhuset, Youngs gate 6, Oslo.